Arne Høyland fekk Johannes Kleppevik Minnepris 2015

arne og marlen

Arne Høyland saman med Johannes Kleppevik sin dotter, Marlen Kleppevik. Foto: Eivind Helland

Kulturarbeidaren Arne Høyland er tildelt Johannes Kleppevik Minnepris 2015. Johannes Kleppevik sin minnepris går til ein person eller eit lag som har gjort eit særs verdifullt arbeid for kystkulturen i Hordaland.

Grunngjevinga for tildelinga av prisen er den lange frivillige innsatsen kulturarbeidaren Arna Høyland har gjort for den tradisjonelle kyst- og fjordkulturen i Nord- og Midthordland. I nyare tid er det knapt nokon som har brukt så mykje tid på å dokumentere og formidle vidare det gamle levesettet til dei som budde på strilalandet. Han har intervjua og gjort opptak av tradisjonsberarar, han har gjort kulturregistreingar av byggeskikk, gamle handverk, arbeidsoperasjonar, segn og soger.

Gjennom undervisingsopplegget «Du finn oss i naustet» har han reist rundt i Hordaland til skuleklassar og tatt dei med seg til gamle naust. Her har elevar møtt gamle lokale menneske som har fotalt om livet i gamle dagar. Elevane har også registrert nausta og alt dei kan sjå av båtar, reiskap, kaiar, ludnar, hopar med meir. Arne Høyland har på denne måten sytt for at kunnskap som elles ville vore borte for alltid, likevel er ført vidare til nye generasjonar.

Arne Høyland har i dessutan formidla den tradisjonelle kulturen i beste Johannes Kleppevik ånd, gjennom musikk. Han har gjeve ut fem plater der dei fleste av tekstane handler om livet i gamle dager. Gjennom foredrag og musikk reiser han rundt og formidler denne kulturarven.

Forslagsstiller Ole Mikal Olsen Ramsøy, konservator ved Bymuseet i Bergen, avslutta innstilinga si med å seie at arbeide Arne Høyland har gjort for kystkulturen rett og slett er imponerande. Styret i Johannes Kleppevik Minnefond slutta seg til dette, og vedtok at Arne Høyland var ein svært verdig mottakar av Johannes Kleppevik Minnepris 2015.

Minneprisen vart overrekt Utdelinga av prisen var på Kyststemnet i Trellevik i Sund, søndag 23. august. Det vart ei fin samling i Bygnaden, som var nesten fullsett av kulturinteresserte folk. Resten var ute og bada eller padla.

Yngste dottera til Johannes Kleppevik kunnegjorde at Arne Høyland skulle få prisen etter at leiar i styret til minnefondet, Arne Olav Nilsen, kom med grunngjevinga for at nettopp han skulle få prisen i år.  Simon Kalgraff spelte to konsertstykke av Johannes Kleppevik på trekkspel.

Arne Høyland kvitterte for prisen med å fortelja kor viktig det var å ta vare på kulturarven og formidla kunnskapen til barn og unge. Talen var ei flott innleiing til foredraget som Inger Lise Skarstein hadde om vern gjennom bruk. Ho viste bilete og held forsamlinga i ande ein liten time. Sund toraderklubb innleia og avslutta programmet i Bygnaden.

trellevik w
Trellevik Kystkultursenter og Kyststemnet var ei fin ramme kring utdelinga av minneprisen Arkivfoto: Lena Eikeland Kutschera

Linkar til nokre av prosjekta til Arne Høyland:
Kulturknask
Miljølære
Nye skalder – musikk
Vestnorsk kulturarv
Arne Høyland på Youtube – musikk og kulturhistoriske dokumentasjonsfilmar


En kommentar om “Arne Høyland fekk Johannes Kleppevik Minnepris 2015

Legg igjen en kommentar