2018: Kom med kandidatar!

Stiftinga Johannes Kleppevik sitt minnefond vart oppretta av Sparebanken Vest i 2002 med føremål å fremja kystkulturen i Hordaland.

Kvart år deler styret for stiftinga ut ein pris som skal gå til einskildpersonar, lag og organisasjonar som på ein framifrå måte fremjar kystkulturen i Hordaland.

Kjenner du nokon, ein person eller organisasjon som fortener prisen?

Frist for å føreslå kandidatar: 1. mai 2018.

Det er høve til å koma med framlegg på same kandidat fleire gonger, det er nye vurderingar kvart år.

 

Staden og tidspunktet for prisutdelinga vil styret komma tilbake til.

Framlegg til prismottakar(ar) skal stilast til johanneskleppeviksminnepris@gmail.com

Nyttar du brevpost er adressa:

Sund kommune

Kultureininga

Pb 23

5371 Skogsvåg

Reklamer