Kystfolk – kven skal vi heidre?

Johannes Kleppevik Minnepris er oppretta for å heidre Johannes Kleppevik, og i hans navn også heidre andre som ivrar for kystkulturen. Johannes nytta musikk for å formidle strilakulturen og kystkulturen, som han sette sånn pris på.

Johannes Kleppevik Minnepris skal delast ut til einskildpersonar, lag og organisasjonar som på ein framifrå måte fremjar kystkulturen i Hordaland. 

Vi treng hjelp til å finne fram til kandiatar som på same måte som Johannes Kleppevik ivrar for kystkulturen, anten det er i form av musikk, kulturarv, fartøyvern eller kulturminnevern.

Er det ein trubadur, mann eller kvinne, som har vore særleg flink å formidle kystkulturen, eller eit kor eller lag som særleg finn sin inspirasjon i musikkarv og kystkultur, eller i form av song, ord, fortelling eller tradisjonar.

Er det ei forening som i lang tid har jobba for å ta vare på delar av kystkulturen i fast form, som båt, bygning eller miljø.

Vi treng din hjelp til å finne fram til eldsjelar!

Send inn framlegg for din kandidat, og grunngje kvifor akkurat ho, han eller dei fortener å ærast.

Framlegget skal stilast til Sund kommune, Kultureininga, Pb 23, 5371 Skogsvåg

eller

postmottak@sund.kommune.no

 


Legg igjen en kommentar