Audun Hausberg fekk minneprisen 2016

Audun Hausberg, mangeårig skipper på galeasen Loyal vart tildelt Johannes Kleppevik Minnepris for 2016.

Hamnedagane i Kleppesjøen, like ved Johannes Kleppevik sin barndomsheim var ramma kring utdelinga. Hamnedagane sitt motto er Levande kystkultur, og dei inviterte til familiedag med fiskekonkurranse, aktivitetar, hamnekafe, kaikafe, utstillingar, gamle båtar, song og underhalding. Dette var ei fin ramme kring prisutdelinga for å heidre ein kystens mann.

Vestnytt laga ein reportasje frå utdelinga av Johanne Kleppevis Minnepris.

Det er IKKUS (InterKommunaltKulturSamarbeid), det vil sei kultursjefane i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy som fremma forslaget om å gje Johannes Kleppevik Minnepris til Audun Hausberg.

Grunngjevinga deira, som styret i Stiftinga Johannes Kleppevik Minnepris slutta seg til, var denne:

Galleasen Loyal –– har i fleire tiår segla på dei sju hav, og formidla både kystkultur og strilakultur på beste måte. Bak roret har skippar Audun Hausberg stått som ein galleonsfigur. No er den tida over.

Loyal er ei fantastisk galleas å vera om bord i, og mannskapet med Audun Hausberg som kaptein, sikra gode kulturopplevingar. Seinare har skipet vore nytta av mange, og tilbakemeldingane er alltid gode. Audun har, sidan far hans overtok Loyal, lagt inn eit liv for å bevara galleasen, samt tilføra vår region kystkulturelle opplevingar av høg klasse. Audun Hausberg og Grethe Mongstad er Loyal for veldig mange, og det kan samanliknast med ein kulturell symbiose.

Når no Audun Hausberg må gje frå seg Loyal, er det eit viktig kapittel i kystkulturhistoria i regionen vår som er over. Vi håpar sjølvsagt at Loyal blir å sjå mykje i våre farvatn i åra som kjem, men det vil likevel vera annleis. For sin innsats for Loyal og kystkulturen i regionen vår, skal Audun Hausberg ha all den heider og ære han kan få. Audun Hausberg fortener difor Johannes Kleppevik sin minnepris for sitt særs verdifulle arbeid for kystkulturen i Hordaland.

Vi gratulerer Audun Hausberg med Johannes Kleppevik Minnepris for 2016! Som vi forstår av takketalen er ikkje Audun Hausberge sitt engasjement for kystkulturen over, sjølv om kapittelet med galeasen Loyal er over.

Tusen takk så langt, og lykke til vidare!

loyal.no/historien

 

www.vestnytt.no sin artikkel frå utdelinga

 


Legg igjen en kommentar