Johannes Kleppevik Minnepris for 2014 var delt ut på Kyststemne i Trellevik 24. august på Trellevik Kystkultursenter, ein stad som også Johannes Kleppevik sjølv hadde eit godt forhold til. Dette vart ein fin ramme kring prisutdelinga.
Det var Fjell kystlag som foreslo Nils Harald Lie som kandidat til Johannes Kleppevik Minnepris 2014. Nils Harald Lie har vore aktivt med i Torgdagsutvalet sidan det vart oppretta i 1977, og har i alle år fremma kystkultur på ein framifrå måte. Nils Harald er levande interessert i kultur. Gjennom mange år har han samla inn eit omfattande materiale av intervju med eldre personar på sotra, og i dag er dette av stor allmenn intersse. Han har og samla gamle gjenstander og klede, og kjenner – og kan formidla – historien bake det meste.
På heimegarden har han teke vare på to gamle hus, og inviterer gjerne bl. An. Skuleelevar til omvising og ei interessant historietime. Han er og ein kunnskapsrik og underhaldane kåsør i ulike samanhengar, og er aktiv i Kiwanis – der han gjennom mange år har vore in pådrivar for turar og arrangmeent for eldre.
Han har også vore med i bygdebokutvalet for Fjell kommune sidan 1986.
Nils Harald Lie kjente sjølv Johannes Kleppevik personleg, ikkje minst gjennom arbeid med Torgdagen i Bergen sidan starten av i 1977.
Styret i Johannes Kleppevik Minnefond fant at Nils Harald Lie var ein verdig kandidat til å motta Johannes Kleppevik Minnepris for 2014. Prisutdelinga fann stad på Kyststemnet i Trellevik i Sund, 24. august på Trellevik Kystkultursenter, ein stad som også Johannes Kleppevik sjølv hadde eit godt forhold til. Dette vart ein fin ramme kring prisutdelinga.
Som vinnar av Johannes Kleppevik minnepris 2014 fekk Nils Harald Lie eit flott diplom og heidersteikn, ei vase, blomar og ei sjekk på kr 10 000,-.
2 kommentarer om “Nils Harald Lie er tildelt Johannes Kleppevik Minnepris 2014”